fredag, september 11, 2009

sansetankeri.

I løpet av sommarferien har eg utvikla ei tilbøyelegheit for å høyre på lydbok medan eg gjer andre ting. Først og fremst var dette eit tiltak for å minske den voldsomme keisemda som ligg i å arbeide som stuepike for tredje året på rad, men vanen har vist seg slitesterk også i møte med det daglege liv.

Nå går eg altså rundt i København og høyrer på lydbøker. Litt klassiske dystopiar og snillare skjønnlitterære ting går fint, for då kan eg abstrahere til ei samanhengjande visuell forteljing i tankane etterkvart. Men no i førre veke skifta eg til ei filosofihistorie, og det var ikkje like lett. Eg greier rett og slett ikkje å konsentrere meg tilstrekkeleg til å få noko ut av det. Eg byrjer i kvart kapittel -ta til dømes "Hume and contemporary ideas"- med å sjå føre meg ein smart, litt skjeggete mann med ein stabel bøker ved sida av seg. Men bildet av den skjeggete mannen får liksom aldri tid til å bevege på seg. Idet snakkemannen blandar inn abstrakte metafysiske ting som det ikkje er lett å gjere visuelle er eg allereie langt inne i ein strøtanke om handfasongen til henne som set ved sida av meg, eit sært lysskilt eller tilsvarande. Sjølv om eg forstår det meste av kva som seiast, og i utgangspunktet er ganske interessert òg, er det plett umogleg og halde tråden, med mindre eg sit stille og fokuserar blikket, men då er jo også størsteparten av poenget borte vekk, sidan målet nett var å kunne gjere fleire ting samstundes.

Lydbokproblemet har fått meg til å tenkje på sanseapparatet mitt. Eg trur synssansen min saboterar for hørselssansen. Vanlegvis ikkje, men tydelegvis når dei to ikkje tek imot signal som er gjensidig relevante. Ja det trur eg faktisk. Sannsynlegvis er det umiddelbare inntrykket av å sjå ein stor mann med ein liten hund på gata, og assosiasjonane det framkaller ein sterkare tankebrytar enn det meir situasjonsuavhengige pratet i hørselskanalen. Uavhengig av kor høg lyden er høyrer eg inkje. Augene held fast ved sine 70% prosent. Fleirtalsregjering som det syng etter. Øyrene er og blir eit supplement, eller justerande opposisjon, alt ettersom.

Heldigvis er det mange skjønnlitterære lydbøker igje å ta av der ute. =)

mandag, september 07, 2009

Sofahengings i Copenhagen

Hellu godtfolk!

Då har eg funne meg til rette i København igjen. Kjekke greier. Det har vore ei begivenheitsrik veke.  Eg har kasta vekk tre pin-kodar og fått to nye. Derimellom eit heilt lite brett med kodar, nærare bestemt dei der tåpelege min-id-kodane, som eg aldri får til å fungere på første forsøk. No treng eg dei til å skaffe meg stipend og lån frå ei viss norsk kasse. Det byrjer å bli litt presserande. Særleg i og med at eg nett tinga meg datamaskin og ljodspelar på reservekortet og dermed er nede i sjokkerande 11650kr på underskot i nettbanken.

Elles opna festsessongen ganske sprekt no i haust. Vi var på studentfest på Den sorte diamant fredagen. Der hadde dei martinibar og diktopplesing og videokunst. Dvs. eit videoopptak av ein katt som lepjar opp ei skål mjølk kjørt i loop gjennom cA 4 timar. Men stor fin skjerm då. Eg var elles ganske gretten denne kvelden fordi nokon fann det for godt å stjele sykkelen min, som eg nett hadde skifta begge dekka på, til ein relativt klekkeleg penge. Sorgene vart drukna etter alle kunstens reglar, først i sissemnde martinibar og deretter på diskotek ute på universitetet. På diskoteket var det røykmaskin og -til alles store forferdelse/fornøyelse- ein naken mann.

Laurdagen var eg og Kamilla vertskap i frederik VII's gade. Med litt fotballsjåing, limbokonkurranse, allsang og høge kneløft. Ekstra krydderi til arrangementet var ein gjeng jyplingar ute på gata, som A: gjerne ville vere med på fest, B: banka på vindauga våre og stirra på oss og C: kasta egg inn i stova vår. ÆSJ! Så kom politiet på besøk og so hadde gutane boxernachspiel på golvet medan damene søv  tungt i sofaen. Søndagen var det duka for kake, eggsølvasking og kostymedrama av erkeklassisk kaliber.

No har husfreden atter senka seg og eg sit i sofaen og funderar over livets merkverdigheiter. Karane (Håvard og Vegard, som har flytta inn i kjellaren år nokre dagar) er ute på joggetur, og eg nyttar høvet til å gjere unna litt internetting. Dumdidum. Slik går no dagan...

I morgon er det tysdag. Då skal eg vere flink og lese masse i det store fine kompendiet mitt!

søndag, juli 12, 2009

Roskilde dette år...











søndag, september 21, 2008

Turkmenistan -diktatur etter alle kunstens reglar.

Inspirert av ein tilfeldig forbipasserande samtale om ymse -stan-land, fjellturar og dystopisk litteratur vart det til at eg leita opp Turkmenistan på Wikipedia her om dagen. Dei romerske keisarane kan berre gå å legge seg! Dette er diktaturet sitt det; nix tull i sysakene. Skildringa minner helst om eit samandrag av ei Donald Duck-forteljing, eller ein urealistisk stereotypi. I allefall: det er verdt å lese litt om:


President Saparmurat Nijazov, en tidligere byråkrat fra det kommunistiske partiet i Sovjet, beholdt absolutt kontroll over landet fram til sin død i 2006 og opposisjon var ikke tolerert. En totalt gjennomført personlighetskult fungerer med president Nijazov som Turkmenbasji, «lederen av alle turkmenere». Hans ansikt pryder det meste i Turkmenistan, fra sedler til vodkaflasker. Logoen til turkmensk nasjonalt fjernsyn har hans profil. De to bøkene han har skrevet er pensum i skolen. Institusjoner som ikke kan oppkalles etter ham er oppkalt etter hans mor. Alle klokker som blir laget må ha hans portrett. Hans 15 meter høye gullbelagte statue står på en roterende pidestall, så den alltid vil være rettet mot solen og lyse på hovedstaden som han selv har laget.

Et populært slagord blant turkmenerne er «Halk! Watan! Türkmenbashy!» som betyr «Folket! Moderland! Leder!». Nijazov skrev den nye turkmenske nasjonalsangen selv, inkludert fraser som sier at mennesker som fører skam på moderlandet eller Turkmenbasji skal miste armene.

Utenlandske selskaper som søker Turkmenistans store naturgassreserver har måttet samarbeide med Nijazov siden han også kontrollerer adgangen til naturressursene. Hans «Ruhnama»-bok har blitt utgitt av utenlandske industrialister på flere språk, blant andre kroatisk, polsk, ungarsk og bantu nettopp av denne grunnen.

to be continued... http://no.wikipedia.org/wiki/Turkmenistan



tirsdag, september 16, 2008

niffle kalkulasjonar

Då har eg vore å trena igjen.
Altså, ikkje slik å forstå at det er ein godt innarbeida vane. Dette var andre gongen dette semesteret, noko som betyr at kvar treningsøkt har kosta meg 325kr. Ikkje bra. For å kome ned på ein anstendig timepris må eg auke treningsfrekvensen med mange hundre prosent og dessutan variere, frå den lite kostnadskrevjande fritreninga til symjing og ymse slikt som fort blir grisedyrt per billett.

Æsj. det er kjekt å trene på ein måte, men på ein annan måte er det litt kjedeleg. Særleg dei der armmuskeltreningsinnretningane. Herreguuud! Keisamt opp i mente. Nu vel, litt meir enn to gongar må det vel bli før eg gir meg.

mandag, september 15, 2008

Snæppsjotts frå Islandet








Haust, tøfler og strøtankar

Kvifor slutta eg eigentleg å samle på frimerke?

I kveld fann eg ut at grenadine (som i drinkmix-greia og ymse andre produkt) er det same som granateple. Dette forklarar mykje. Lenge har eg trudd at grenadine var eit slags biprodukt frå druebransjen. Ei druetype som ikkje heilt egna seg til vin eller mauling. Var ikkje klar over at eg hadde trudd dette før eg plutseleg stod målbunden midt på kjøkkengolvet med ein pakke granateple-/ grenadinete i handa.

Eg har i det siste fått ei veldig lyst til å fiske, men har korkje troe, tid, eller peiling på kvar det går an å drive med slikt i Bergen by

Kva hadde skjedd om byduene tok til å trekke sydover? Ville vi ha vore like fiendtleg innstilt til dei då? Ville vi ha halde fast ved stigmatiserande kallenamn som: "skabbete flaksekebab!", "snyltenebb" og "flygerotte", dersom duene pakka sysakene sine, sa "so long, dustar!" og flaug sin veg i samla flokk?
Eg har mine tvil. Særleg fordi det er fuglar vi har med å gjere. Fuglane er beint i glaninga på oss, og vi kan bruke dei som samtaletema. Kor mange heldige sosiale manøvrar har ikkje hatt sitt opphav i, at nokon har sett ei due ete noko rart, ein tidleg søndagsmorgon? "Eg var på veg heim frå nachspiel sånn i åtte-tida, og såg ein liten flokk duer gå bananas over in oppriven pose paprikapotetgull!" Det ville ha vore eit tap om dei forsvann. Men populasjonsreduksjon, ja takk!

Eg har pakka fram at dei gamle elektriske varmetøflene hennar farmor. Brannfarlege, men fantastiske, med skotskeruter og usikra støpsel. Eg elskar desse tøflene. Hugsar kveld eter kveld med Commodore 64, saft og elektriske varmetøfler. Heldigvis vart dei aldri hivde, trass i ein iherdig innsats frå mor si side. Etter kvart som det blir enno kaldare vér utover hausten, skal eg flytte inn i tøflene mine på fylltidsbasis, og berre krype ut for å helse på verda når eg ein sjeldan gong treng meir kaffi og/ eller sosial kontakt. Det blir ei bra tid.

Planta mi ser trist ut. Må vatnast før undertegnande legg seg.
Vatning iverksett.

-SLUTT-

søndag, juli 06, 2008

Ny frisk. Igjen. Det er liv laga om ikkje støtt levande

Sommarferie...

Det vil seie. Den er vel stort sett over for min del no. Eg har nett kome heim etter å ha vore ein månad på Island. Og no er det berre jobb att. + -.

Skal tru om det er mogleg å få lest litt innimellom? Ete litt is? Kanskje kan eg snike meg til å drikke ei øl i ny og ne óg. Det hadde gjort seg. Jaggu det hadde det. Eg er tyrst alt no eg.